Austevoll ASV AS - en vekstbedrift med renhold som tjenestetilbud i det lille lokalsamfunnet Austevoll - vest i havet!

Dette er en historie om en av de 220 ASVL bedriftene som er spredt over hele landet. De er i stor grad eid av det offentlige, og samfunnsoppgaven deres er å gjøre arbeid mulig for alle, der folk bor.

Hver eneste dag står våre veiledere klare til å bistå de som trenger hjelp til å finne sin vei i arbeidslivet. Enten det er på en tilrettelagt arbeidsplass, eller gjennom jobb i en annen bedrift.

Historia til reinhaldsavdelinga ved Austevoll ASV AS
Skrevet av daglig leder Bjørn Kristian Bjånesøy
Tanken bak å starte ei reinhaldsavdeling ved Austevoll ASV, var å å finne nye læringsarenaer for tiltaksdeltakarane me hadde. Ein såg at dei mest funksjonsdyktige av desse kunne, med noko tilrettelegging, vere med å bidra med reinhald på ulike arenaer.

I byrjinga var det viktig å ikkje ta på seg meir avanserte oppgåver enn at me var sikker på me kunne fikse det.
Det første oppdraget var å vaske ned ei blokk i Prestaneset..
Oppdraget vart vel gjennomført og oppdragsgjevar var svært nøgd med jobben som vart gjort. Ein såg då at deltakarar på VTA kunne utføre dette saman med veiledar. ASV starta med ein veiledar og tre VTA deltakarar. Ein fekk så kontrakt med Statsbygg ang reinhald av Havbrukstasjonen og med Fiskarfagskulen i Austevoll.

For å sikre at alle kvalitetane i arbeidet og regelverk vart fulgt, leigde ein inn ekstern konsulent til verksemda. Reinhaldskurs vart starta opp internt og løysinga med ID-kort for alle reinhaldarane vart innført.

I same perioden opna Austevoll kommune opp for reserverte kontraktar då dei la ut ny anbodsrunde i Doffin-basa, ein kontrakt som Austevoll ASV vann.
Med dette vart det og trong for fleire ordinært tilsette reinhaldarar, og alle som vaska for Austevoll kommune fekk tilbod om jobb hos oss. Prosedyrer og rutiner vart opparbeida spesielt for reinhaldsavdelinga kontra attføringsavdelinga.

Når no Austevoll ASV kom inn på reinhaldsmarknaden i kommunen, førte dette til at fleire verksemder og private fekk mulighet til å kjøpe reinhaldstenester av ei lokal , kommersiell verksemd.
I dag har me reinhald av alle kommunale bygg, ein del barnehagar, fleire private kontorlokaler og ein god del heimeservice.
ASV har heile tida hatt fokus på å oppretthalde god metodikk og kvalitet i arbeidet som vert utført. Dette syner igjen i gode tilbakemeldingar frå kundane våre.

Reinhaldsavdelinga har vore ein arena for mange deltakarar i NAV/ASV –systemet. Personar som ønskjer å vere ein ressurs for samfunnet og deltakarar som vart testa ut opp mot avklaring av arbeidsevne.
Hovuddelen av dei tilsette i reinhaldsavdelinga i dag er ordinært tilsette. Dette grunna kravet om effektivitet og kvalitet frå kundane våre. Tiltaksdeltakarar får i større grad testa ut arbeidsevnene sine internt i verksemda, med ma reingjering av eiga kantine etc.
Reinhaldsavdelinga får utført andre tenester internt i verksemda, slik som moppevask, bilpleie/vedlikehald, tepperens etc. Dei tilsette innafor reinhaldsavdelinga er særs dyktige og fleksible, og vert nytta som ekstrahjelp i vaskeriet ved behov. Ein er og flink til å rullere på arbeidsoppgåvene og hjelpe til der det trengs.

Avd. leiar for reinhald, Elwira Halaburda,
Trivselsgraden i verksemda sin reinhaldsavdeling har vore stor. Kvaliteten på utført arbeid har heldt til forventningar alle ledd. Innkøyringa og utviklinga har hatt sine utfordringar, men ASV, med reinhaldsavdeling sine tilsette, har nådd eit kvalitetsstempel i lokalsamfunnet som er av det gode. Det same er tilfellet i alle dei private heimane og verksemdene ASV har fått vist sin metodikk og kvalitet i.

At Austevoll ASV AS har utvikla seg til ein kvalitetsleverandør innan reinhald, ser ein ma av dei kvartalsvise INSTA-kvalitetskontollane utførd av ein ekstern tredjepart med autorisasjon/ sertifisert på øverste nivå innan Insta800.

Austevoll ASV AS har vald å knytta seg som medlem av Ren Fordel ma for å henta kompetanse og ellers væra i eit fagmiljø som med kan dra nytte tå på ulike nivå.

Austevoll ASV AS er oppteken tå å kvalitetssikra eige arbeid - allereie i prosjekteringsfasen, og her harmed teke i bruk Sota Planning Tool!

Me har difor, etter fyrst å ha prøvd eit prosjekterings- og kalkyleverktøy over fleire år, nå gått over til Sota Planning Tool Proffesjonell som er eitt planleggings-, kalkulasjons- og styringsverktøy for store, mellomstore og små reinhaldsbedrifte, kommuner, fylkeskommuner, samt andre aktører innan reinhald. Vår oppleving med Sota Planning Tool er særs positiv - me har fått ein heilt annan kontroll over prosjekta og prisinga i det enkelte høve.
Brukargrensesnittet oppleves óg som særs tilpassa verksemd som vår - med mindre administrasjon og bidreg til at vår arbeidskvardag er mye lettere. Det er ressurssparande, og gjer oss også flotte reinhaldsplanar, kostnadsoversikt og gode grafar for det enkelte prosjekt - heilt ned på romnivå.

Austevoll ASV AS er en offentlig "Godkjent renholdsbedrift" gjennom Arbeidstilsynet, og over mange år Equass sertifisert - som er en Europeisk sertifiseringsordning spesielt for Vekst- og atføringsbedrifter.

Medlem med sterke anbefalingar
Daglig leder, Bjørn Kristian Bjånesøy
- Austevoll ASV AS.

Hva er en Vekst- og attføringsbedrift?

En Vekst- og attføringsbedrift i ASVL ønsker å være aktive medspillere i lokalmiljøet ved å tilby tiltak - gjerne sammen med andre aktører - som bidrar til at så mange som mulig kommer i arbeid og aktivitet. Dette innebærer at bedriftene også har forebyggende tilbud til bl.a. sykemeldte, langtidsledige, innvandrergrupper og ungdom. Det er imidlertid NAV som avgjør om en person er aktuell for arbeidstrening eller tilrettelagt arbeid i en vekstbedrift.